Øystese, Utne, Voss, Aga, Lofthus og Granvin i Vestland fylke

Hardanger og Voss Museum – for gode opplevingar

Hardanger og Voss museum har eit variert tilbod for alle. Dei fleste musea våre ligg nær Hardanger- og Sørfjorden. For båtturistar finst det gode gjestehamner i nærleiken av fleire av musea våre. Om sommaren er det full aktivitet og i juli held vi minikonsertar med folkemusikk i musea våre.

Alle dei bemanna musea våre har kafé og museumsbutikk. Me har eit stort utval av litteratur, lokale produkt, handverksartiklar, leiker og gåver.

På Hardanger fartøyvernsenter kan du høyre lyden av handtverkare i arbeid og kjenne lukta av sjø, tjære og glødande metall. Gå ein tur inn i verkstadene, eller ta ein rotur på fjorden.
I det nye publikumsbygget, som opna sommaren 2025, kan du sjå maritime utstillingar og historiske filmar eller la barna prøve seg som leikebåtbyggjar. Nyt ein kaffi eller noko å bite i den nye kafeen med flott utsikt over fjord og fjell..

I Øystese kan du oppleva kunst, arkitektur og eit rikhaldig program for arrangement i Kunsthuset Kabuso, der er det òg kafé med heimelaga kaffimat. I det permanente lysverket til James Turrell på stranda, Hardanger Skyspace, får du ei sanseleg og unik kunstoppleving ved demring og skumring året rundt.

Ved Sørfjorden kan du ta ei omvising i vårt autentiske klyngetun på Aga og få historiene tett i tett. Der finn du også Noregs eldste verdslege bygg, Lagmannstova, som i 2025 feirar 800 år.

Bli kjend med Hardanger si historie og folkekultur i Hardanger folkemuseum på Utne. Dei har ein stor permanent utstilling med bunad og folkedrakter. I 2025 fekk bunad og bunadsbruk i Noreg status som immateriell kulturarv på UNESCO si liste.

Ta turen videre til Voss og Voss folkemuseum. Det autentiske Mølstertunet frå 1500-talet gjev eit unikt innblikk i byggeskikk og levemåte i eldre tid, og her får du òg ei fantastisk panoramautsikt over Vossevangen. I hovudbygget kan du sjå utstillinga «Utsyn mot Voss» som fortel historia om Voss dei siste 500 åra.

Velkommen til oss!

Sjå alle opningstider på våre nettsider her-->


Musea våre:

Hardanger fartøyvernsenter (Norheimsund)
Ope heile året
Ligg i gangavstand frå Norheimsund gjestehamn.

Kunsthuset Kabuso (Øystese)
Ope heile året
Ligg i gangavstand frå Øystese gjestehamn.

Hardanger Skyspace (Øystese)
Ope heile året
Ligg i gangavstand frå Øystese gjestehamn.

Storeteigen bygdemuseum (Øystese)
Ope etter avtale eller ved arrangement – ta kontakt med oss.

Hardanger Folkemuseum (Utne)
Ope heile året.
Ligg i gangavstand frå Utne ferjekai

Voss Folkemuseum (Voss)
Ope heile året

Agatunet (Aga)
Ope i sommarsesongen mai – august.
Ligg i gangavstand frå Aga gjestehamn.

Skredhaugen (Lofthus)
Ope i sommarsesongen

Granvin bygdemuseum (Granvin)
Ope etter avtale eller ved arrangement – ta kontakt med oss.
Folk på omvisning Agatunet
Friluftsmuseet Utne. Foto: Christel
Ingebrigt Vik parken Kabuso, Øystese.
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Lafteleik. Foto: Silje Ensby
Mølstertunet. Foto: Kjell Herheim
Foto: Silje Ensby
Hardanger Sky Space, Øystese. Foto: Aukse Drungiliene
Foto: Visit Hardangerfjord

Hardanger og Voss Museum – for gode opplevingar

Meld deg på vårt nyhetsbrev