Kvam i Vestland fylke

Hardanger fartøyvernsenter – opne verkstader og maritime opplevingar

Hos Hardanger fartøyvernsenter kan du oppleve kystkultur på nært hald. Her står handverk og tradisjonar i sentrum – du kan sjå våre handverkarar i arbeid, sjå historiske filmar i visningssalen, eller sjølv prøve deg på ulike aktivitetar som tau-slagning og bygging av ein enkel leikebåt. Du kan også ta ein rotur på fjorden i ein tradisjonsbåt. I kaféen med fjordutsikt kan du kjøpe kaker og enkle lunsjrettar. Eit besøk varer gjerne eit par timar – her er det mykje å oppdage for både store og små. Museet er ope tysdag til sundag.

Opningstider – sjå heimeside -->

Meld deg på vårt nyhetsbrev