Austrheim kommune
– opne landskap, ope sinn
Turar og friluftsområder
Austrheim er på mange måtar eit stort turterreng, men om du treng litt hjelp, er her åtte merka turløyper, sju av dei er sjønære. Ein attraksjon du berre finn i Austrheim, er Vardetangen, det vestlegaste punktet på fastlands-Norge, 4 grader 56 min. 43,182 sek. austleg lengde og 60 grader 48 min. 36,614 sek. nordleg breidde.
Går du turløypa gjennom Hoplandsmarka, frå kvernhuset i nord, til Fosenstraumen i sør, har du eit historisk spenn på mange tusen år. Langs denne løypa finn du på mange måtar livsgrunnlaget for folket på desse kantar i gammal tid; heimeavla korn male på lokale kverner, og dei rike fiskeplassane i dei mange straumane.
Langs turløypa i Øksnesmarka finn du spor etter torvtaking. Torv var tidlegare eit viktig brensel; vedskog fanst nesten ikkje, og kol var dyrt.
Fine utsiktspunkt finn du i turløypene i Krossøyna og Lerøyna.
Her finn du ei oversikt over turløyper i Austrheim ->>
Friluftsområde
Øksnes friluftsområde (bildet) har turvegar og strand som er eigna for rullestolbrukarar med hjelpar. Dette er eit av dei områda BOF har i Austrheim. Parkering ved dampskipskaien og etter slippen ved småbåthamna. Føl grusvegen vidare inn i området. Toalett og informasjonstavle ved parkeringa. Fast bord og benkar, samt grill ved stranda. Det er ein fin teltplass på austsida av vika. Stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Bilveg heilt fram til badeplassen.
Andre friluftsområde: Sauesanden, Børilden og Årvika .
Overnatting i idylliske Rongevær
Bergen og Hordaland turlag har teke over drifta av den tidlegare skulen i Rongevær. Rongevær kysthytte er eit ubetjent anlegg med totalt 38 sengeplassar. Anlegget har fleire bygg, gode brygge/kaifasilitetar og uteområde. Du kan parkera på Baløy, og ro eller padla det 300 meter lange stykket over sjø fram til anlegget, eller komma direkte sjøvegen. For meir informasjon og booking sjå heimesidene til Bergen og Hordaland turlag, på denne lenka >>
Foto: André Marton Pedersen / Bergen og Hordaland Turlag
Padling
Havsportkommunen Austrheim er eit eldorado for padleturar i kajakk eller kano. Det meste av Austrheim kommune består av 489 øyar, holmar og skjer. Naturen er spennande, variert og tilgjengeleg for alle. Kajakk- eller kanoturen kan kombinerast med fisking eller turar på land. Det finst alltid ei øy eller ein holme for deg!
Foto: FjordImage Ola Moen
Med båt til Austrheim
Austrheim kommune ynskjer å framstå som ein open og god kommune å besøkja, og vi vil prøva å leggje til rette slik at du som kjem med båt til Austrheim skal kunne finne deg ein kai der du kan fortøye båten og ha nokre fine dagar.
Her finn du ei oversikt over nokre av dei kaiane som kan vera aktuelle for deg >>
Dei fleste er kommunale, medan nokre er private. Ikkje alle er like godt tilrettelagde enno, og nokre ligg eit godt stykke frå kommunesentrum. For å lokalisere kaiane ber vi deg bruke nordhordlandskart.no.
Foto: Helge Dyrkolbotn
Attraksjonar
I 10.000 år har det budd folk i Fosnstraumen, og mange spanande funn er gjort både på Austrheimsida og på Radøysida. Det er skilta med informasjonstavler som fortel om funna og om livet i steinalderen.
Kilstraumen har ei spanande historie som kan førast attende i skriftlege kjelder i Håkon Håkonssønns saga. Staden fekk kongeleg bevilling i 1610. I dag er staden prega av Kilstraumen Brygge som er renovert og har utvida drifta mykje, og som framstår som eit reiselivsfyrtårn i Nordhordland.
Kunsthuset Austrheim held til i det gamle kommunehuset på Austrheim. Her finn ein ei samling kunstnarar og dyktige kunsthandverkarar. Ope kvar laurdag 11.30-14.30 eller på førespurnad. Kontaktinformasjon: Kunsthuset Austrheim, Åråsvågen 3, 5943 Austrheim.
Er du i Austrheim anbefaler vi deg ein tur til Vardetangen . Dette er det vestlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Etter å ha vore der kan du sikra deg eit sertifikat og ei Vardetangen t-skjorte, dette kan kjøpast hjå Kilstraumen Brygge eller i Turistinformasjonen på kommunehuset i Austrheim. Meir om Vardetangen her ->>
Øyanevegen er ei oppleving og ein attraksjon for seg sjølv. Den snor seg roleg i landskapet mellom øyar og sund. Her kjem du så nært havet som det nesten let seg gjere. Vil du lenger tek du ferja til Fedje , denne går frå Sævrøy.
Austrheim er ein av vertskommunane til industrien på Mongstad. Her held Equinor Mongstad, TCM, CCB Mongstad og mange fleire bedrifter til. Også eit spanande oljemuseum finn du her. Dette er verd eit besøk om du har tid.
Foto: Karstein Vabø
Velkomen til Austrheim!
Redningsskøytestasjon
RS «Kaptein E. Nygård» er stasjonert ved Kjelstraumen Vertshus. Den vert bemanna av eit entusiastisk frivillig mannskap frå nærområdet.